[Les meir...] " />
11; NoCache
Nær 1000 på olsokstemne i Korssund – i 1930

Luster melder om særskilde gudstenester i høve olsok. Sogn Folkemuseum skipar til konsert i Kaupanger stavkyrkje og serverer fiskesuppe på Fjordmuseet. På Stiklestad samlast folk til ”nytt” sogespel. Alle stadene følgjer dei opp gamal tradisjon — å feira olsok. For 80 år sidan var nær 1000 menneske samla ved den store steinkrossen i Korssund.

Namnet
Namnet olsok kjem av Olavs-voke, natta dei vakte over Olav Haraldsson (Olav den heilage) etter at han vart drepen i slaget på Stiklestad om ettermiddagen, onsdag 29. juli 1030. Dagen har vore offisiell flaggdag sidan 1928.

Bjørnstjerne Bjørnson
Ved Reformasjonen (etter 1536) vart mange katolske minnedagar rydda bort frå kyrkja i Noreg saman med anna katosk innhald, framfor alt bilete av helgenar i kyrkjene. Olsok — Olavsdagen — fekk ein renessanse på slutten av 1800-talet, og då særleg ved ein kraftfull tale Bjørnstjerne Bjørnson heldt på Ilevollen i Trondheim i 1897. Bjørnson heldt fram Olavsdagen og Olav den heilage som samlingsmerke i kampen for norskdom og frigjering frå framandvelde (mynta på unionen med Sverige). Han mana kyrkja til å løfta Olavsdagen fram frå gløymsla.

H.R.J. Nagell
I 1913 hadde H.R.J. Nagell på Njøs i Leikanger ein større artikkel om ”Olsokdagen” i Fjordenes Blad (Måløy). Nagell er her sterkt oppteken av å gje Olsok større plass som minnedag. Han viser til at pr. 1911 hadde 40 byar og fleire hundre landkommunar vedteke å gjera ” Olsokdagen” til flaggdag.

Høgdepunkt 1930
Olsok-renessansen nådde ein topp i 1930, 900 år etter slaget på Stiklestad. Den norske staten og kyrkja gjekk sterkt ut med rundskriv frå Det kgl. Kyrkje- og Undervisningsperatmenet der det vart oppmoda om ”å halda kyrkjeleg minnefest” på olsokdagen, eller søndagen etter. Rundskrivet sluttar med ord frå fedrelandssalma: ”Han sende sitt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde”

Les meir om olsok i Kulturhistorisk leksikon: Olav den heilage — olsokstemna i Korssund

Olsokstemne ved steinkrossen i Korssund kring 1935. Mesteparten av stemnefolket kom i småbåtar. Eigar: Oskar Lammetun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotograf: Ukjend.


Forfattar: Hermund Kleppa (07/28/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no