11; NoCache
ABM-samsøk
Databasetenester
Kulturhistorisk leksikon
Gardsleksikon
Lyd og levande bilete
Kjelda
Om Fylkesarkivet
Lesesal - Bibliotek
Om oss i dagspressa
Kommunale arkiv
Fylkeskommunale arkiv
Privatarkiv
Foto
Musikk
Stadnamn
Emigration (English)
Persondata - Utvandring
EuropeanaLocal
Mangfaldsåret 2008
Året 1905
Kultur på nett
Soga om vegane
Nettutstillingar
Kunnskapsleikar
Nettstadkart
Nettstader
Etterlyser statue av Jens Helmers
Bjørg Mikalsen slår eit slag for at det blir reist eit minnesmerke over Jens Helmers, mannen som gav mykje av garden sin til den nye byen Florø i 1860, og som var ei drivkraft i alt som hadde med den nye byen å gjera. Ho helsar den nye statuen ”Sildeguten” som no kjem, velkomen, men etterlyser samstundes ein statue av Jens Helmers (Firdaposten 28.01). Då Florø feira 100 år i 1960, fekk byen eit minnesmerke over brørne Sars.
Les om Sars-statuen i Kulturhistorisk Leksikon...
(03.10.2010)
Heidersteikn til jordmor
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars hentar Fylkesarkivet fram ein artikkel om Bertha M. Nes (1873-1956). Ho var jordmor på Veitastrondi i 33 år, og av og til dokter. Hausten 1927 vart ho heidra med Kongens fortenestemedalje.
[Les meir...]
(03.08.2010)
Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim
Fylkesarkivet har fått 36 rinpermar stappfulle med historie om telegraf og telefon i Sogn og Fjordane. Det er Oddkjell Bosheim (84) i Lærdal som gjennom mange år har samla telehistorisk tilfang og systematisert det. Han ønskjer at samlinga skal takast vare på i Sogn og Fjordane, og han kom til at Fylkesarkivet var rette staden.
[Les meir...]
(03.05.2010)
Flittige elevar ved arbeidsskulen i Balestrand
Tidleg på 1900-talet vart det satsa mykje på å utvide skuletilbodet i dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane. I arkiva finn ein mange søknadar om å få utvide både klassetal og skuletida, og om å få utbetre og bygge fleire skulebygg. Dei aller fleste søknadane er utferda av skulestyra, men ein søknad frå 1934 skil seg klart ut.
[Les meir...]
(03.05.2010)
Meld deg på kontaktkonferansen
Kontaktkonferansen 2010 vil bli arrangert på Nordfjord hotell 21.-22. april. Målgruppa for konferansen er tilsette i kommunane og fylkeskommunen som arbeider med arkiv. Her finn du program og påmelingsskjema.
[Les meir...]
(03.03.2010)
Fjordvegen i Sogn og Fjordane
Vegstrekninga Sandnes (Rogaland) — Moskog (Førde, Sunnfjord) er kjent som Riksveg 13. IS Fjordvegen (IS står for interesseselskap) arbeider for betre vegstandard, og selskapet spelar på fleire strenger for å få fram at vegen, og området vegen går gjennom, er ei messe (reise) verd. Kultur er ein av strengene.
[Les meir...]
(25.02.2010)
Innsamling i Jostedalen
Jostedalen er ei bygd mest kjend for å liggje isolert mellom fjell og bre inst i Sogn. Men bygda er òg kjend for ein levande og rik folkemusikk- og folkedanstradisjon. Med impulsar frå både Nordfjord, Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal og Sogn, har Jostedalen fått ein særeigen tradisjon.
[Les meir...]
(25.02.2010)
Søkelys på samferdsle
Den 8. og 9. april står Vestlands-konferansen VEGEN VIDARE på programmet (Dag og Tid 19.04). Samferdsleministeren og mange andre skal setja søkelys på ”kommunikasjonar, kultur, nærings- og reiseliv”. Valet av Kvikne`s Hotel som konferansestad passar bra. Det står ein minnestein knytta til samferdsle tett attmed hotellet.
[Les meir...]
(23.02.2010)
Avgang Lærdal på same klokkeslett
I våre dagar konkurrerer trafikkselskap om konsesjon på ekspress-båtruter og riksveg-ferjesamband. For godt og vel 100 år sidan hadde Fylkesbaatane hard konkurranse på ein annan måte. Private aksjeselskap sette inn konkurrerande skip på dei beste rutene deira, Fjordane-Bergen og Sogn-Bergen.
[Les meir...]
(19.02.2010)
”Kniv, gaffel og ske medtages”
Dei siste dagane har mediene meldt om enorme sildemengder i havet sør om Stad. Vi har og sett at Framtidsfylket har hatt suksess med sjømat frå Sogn og Fjordane på karrieremessene i Oslo, Trondheim og Bergen. Då passar det å by på ei historisk småsak. I 1920 blei det servert ”fiskemiddage” - på bedehuset i Lærdal
[Les meir...]
(17.02.2010)
[artikkelarkiv]
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no
| Framsida |
| Fylkeskommunen |
| Kulturnett Sogn og Fjordane |
| Skulestova.no |
| Geoatlas |
| Kontakt oss |
[English and other languages]