11; NoCache
Brann på Furesund - historia om handelsstaden
Hovudbygningen på den gamle handelsstaden Furesund ved Florø er ikkje meir. Huset brann ned til grunnen i morgontimane i dag (09.09). Furesund var gjestgjevarstad frå slutten av 1600-talet. >> Les meir i Kulturhistorisk Leksikon
(09.09.2010)

Nordlandsreise – utstilling om oppdaginga av Noreg som turistmål
I midten av juni opna Nordlandsreise - Die Geschichte einer touristischen Entdeckung i Kiel. Det er ei vandreutstilling som viser utviklinga av Noreg som turistmål, sett frå Tyskland. [Les meir...]
(27.08.2010)

Ungdomsbilete av Olaf Huseby
Mannen som i 1894 gav ut første salmeboka på nynorsk var systrending. I 1903 utvandra Olaf Huseby til Amerika. Han etterlet seg då om lag 200 000 Huseby-salmebøker. Olaf Huseby døydde i Michigan i 1942, nær 80 år gamal. Til no har Fylkesarkivet berre hatt eitt einaste bilete av forlagsmannen og publisisten Olaf Huseby, ein tilårskomen Huseby. No veit vi korleis han såg ut i ungdommen. Takka vere amerikabesøk. [Les meir...]
(24.08.2010)

Fylkesarkivet på Facebook
Du kan no følgje med på aktuelle saker frå Fylkesarkivet på Facebook. På Facebook-sida vår vil du få eit innblikk i kva vi arbeider med til ei kvar tid og du vil finne døme på arkivmateriale frå samlingane våre. Vi vil gjerne også vite kva du er interessert i – så skriv gjerne på veggen vår! [Les meir...]
(19.08.2010)

Flyhistorisk jubileum
Måndag 16. august er det 75 år sidan Tor Solberg landa med flyet sitt ”Leiv Eiriksson” i Bergen. ”10 000 tal menneske var på beini”, skreiv Fjordabladet. Solberg var frå Årebrotet i dåverande Kinn kommune. I Florø markerer dei Thor Solberg sin historiske flytur USA-Norge i 1935 med stort program no laurdag. [Les om flypioneren i Kulturhistorisk Leksikon.]
(13.08.2010)

Nogva sett på digitalt kart
Dei fleste stadnamna innsamla i 1985/86 for Haram kommune ligg no ute på fylkesatlas.no. Dette er omlag 6 800 stadnamn. Nokre få som manglar blir sett på eitt for eitt no om dagen. Av desse er gardsnamnet Nogva. Garden ligg på austsida av Flemsøya også kalla Skuløya. [Les meir...]
(08.04.2010)

Karianne Schmidt Vindenes skal vikariere som fylkesarkivar
Frå 2.08.2010 til 15.08.2011 skal Karianne Schmidt Vindenes vikariere for Snorre Øverbø som fylkesarkivar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Øverbø skal ha eitt års permisjon. [Les meir på heimesida til fylkeskommunen...]
(08.04.2010)

Fylkesmann Seip - historia om minnesteinen
Fjærland sokneråd har søkt Sogndal kyrkjelege fellesråd om "å lata gravminnet etter fylkesmann Hans Seip få bli ståande" (Sogn Avis 28.07). Hans Kristian Seip (1881-1945) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1929 til han vart avstett av NS-regimet sommaren 1941. Han flytte då til Fjærland. Etter eige ynskje vart han gravlagd i Fjærland. I 1949 reiste fylket ein minnestein på grava hans. [Les meir om fylkesmann Hans Seip og minnesteinen på grava hans i Kulturhistorisk Leksikon.]
(08.04.2010)

Ferrotypi på Flickr!
Fylkesarkivet har lagt ut ein ny biletsamling på Flickr-profilen vår. Frå privatarkivet etter Bernt Askevold (1846-1926) har vi plukka ut ei samling slåande portrett datert til ca. 1856-1900. [Les meir...]
(08.02.2010)

Nær 1000 på olsokstemne i Korssund – i 1930
Luster melder om særskilde gudstenester i høve olsok. Sogn Folkemuseum skipar til konsert i Kaupanger stavkyrkje og serverer fiskesuppe på Fjordmuseet. På Stiklestad samlast folk til ”nytt” sogespel. Alle stadene følgjer dei opp gamal tradisjon – å feira olsok. For 80 år sidan var nær 1000 menneske samla ved den store steinkrossen i Korssund. [Les meir...]
(28.07.2010)

[artikkelarkiv]

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no