Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart skipa 09.03.1989. Det er eit samarbeidstiltak mellom LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, DNA Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet.

Arbeidararkivet fungerer som ein lokalavdeling under Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo. Arkivet har eige styre samansett av representantar frå samarbeidspartnarane.

Fylkesarkivet har det arkivfaglege ansvaret.

Føremålet med Arbeidararkivet er å sikre at historisk dokumentasjonsmateriale frå arbeidarrørsla i fylket vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for bruk.

- Liste over registrerte arbeidararkiv (oppdatert 14.12.2015)
- Digitaliserte kjelder frå arbeidararkiva

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login