Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Arkivkatalogar

Ein arkivkatalog er ei oversikt over kva arkiv som finst og kva arkiva inneheld.

I depotet vårt oppbevarar me arkiva etter 23 av dei 26 kommunane i fylket, samt fylkeskommunen. I hovudsak er det arkiv fram til 1964 som er deponert her. Ein arkivkatalog er ei oversikt over kva arkiv som finst frå dei ulike kommunane. Kommunale arkivskaparar kan til dømes vera formannskapet, eller det kan vera kvar einskild skule i kommunen. Det kan også vera kommunekassen, likningsnemnda eller ei lita nemnd som er nedsett av formannskapet. Ofte er det fleire titals arkivskaparar frå kvar kommune.

 

Arkivportalen.no

Fram til 2006 vart dei kommunale arkiva oppbevart i kvar enkelt kommune. Arkivkatalogane som fanst på det tidspunktet var ufullstendige. Etter at dei kommunale arkiva vart overflytta til depot, har me jobba med å få ei fullstendig oversikt over kva arkiv som finst frå dei ulike kommunane. Etter kvart som arkiva frå ein kommune er ferdig registrert, blir ei oversikt gjort tilgjengeleg på Arkivportalen.no.

 

Fylgjande kommunar finn de i Arkivportalen.no:

Naustdal

Vevring

Brekke

Gulen

Kyrkjebø

 

For informasjon om arkiv frå andre kommunar, kan de sjå under Arkivkatalogar. Denne databasen er ikkje oppdatert etter 2006. Det inneber at ikkje alt arkivmateriale som finst er registrert her. Ei meir fullstendig oversikt kan de få ved å ta kontakt med Fylkesarkivet.

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login