Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Eldre og avslutta arkiv

Fylkesarkivet er depot for 23 av kommunane i fylket, samt Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kommunearkivordninga er ansvarleg for å verne og gjere dei eldre kommunale arkiva tilgjengeleg.

Fram til no er det arkiv eldre enn 1964 kommunane har avlevert til depot. I 1964 var det ei storstila kommunesamanslåing i heile landet (Schei-komiteen), noko som er bakgrunnen for denne avgrensinga. Då kommunane fekk endra kommunegrenser og dermed organisering, måtte dei også avlutta arkiva sine. Den nye kommunen oppretta nye arkiv.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har avlevert noko arkivmateriale yngre enn 1964. Frå 2013 vil enkelte kommunar avlevera arkiv som er skapte i perioden 1964 - ca 1994. Dei fyrste arkiva som vil bli avleverte frå denne perioden er arkiv etter formannskap/sentralarkiv.

Fylkesarkivet hjelper alle kommunane med råd og rettleiing i spørsmål som knyter seg til eldre og avslutta arkiv.  Ved spørsmål til dette fagfeltet er det berre å ta kontakt med fylkesarkivet.

Nedanfor kan du laste ned avleveringsinstruks for offentlege arkiv:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login