Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Elektroniske arkiv

Fylkesarkivet skal sikre elektroniske arkiv for alle kommunane i fylket og for Sogn og Fjordane Fylkeskomunne.
4 slike harddiskar kan romme nesten 7 millionar dokument. Dette er like mykje som Fylkesarkivet får plass til av papir i dei 10 000 hyllemetrane vi disponerer med vanlege reolar.

Å ta hand om elektroniske arkiv betyr å ta hand om avslutta arkiv, slik at dei er tilgjengelege for all framtid. Det største problemet knytt til informasjon som er i elektronisk format er at den i stor grad er knytt til og er avhengig av det systemet den vart skapt i. Den dagen det aktuelle system vert lagt ned,  misser ein samstundes verktøyet til å lese informasjonen.

Metodane Fylkesarkivet nyttar for å bevare elektroniske arkiv er gjeve av Riksarkivaren. Denne prosessen består av at ein konverterer data frå eit system over til standardiserte format. Dei standardiserte formata er fastsett av Riksarkivaren. I tillegg vert det registrert data om arkivet, slik som, arkivskaper, systemet arkivet vart skapt i, datastruktur og bruksområde. Ein anna viktig jobb, er å gjere arkiva tilgjengelege. Fylkesarkivet må difor ha verktøy som kan lese arkiva og vi må sjå til at kompetansen vår er oppdatert. 

Mykje av arbeidet med elektroniske arkiv, er framleis eit utviklingsarbeid. Fylkesarkivet samarbeider difor med Riksarkivet og andre arkivinstitusjonar. Eit viktig samarbeid er [KDRS] (Kommunearkivinstitusjonenes digitale ressurssenter). Dette er eit samvirke mellom fleire kommunearkivinstitusjonar. Hovudmåla for samarbeidet er å etablere ei felles plattform for kompetanse og fagleg utvikling for innhenting, bevaring og tilgjengeleggjering av digitale arkiv. I tillegg vil ein bygge opp eit felles nasjonalt tenestetilbod for langtidslagring av digital informasjon til alle kommunane.

Dersom du har spørsmål om elektroniske arkiv, er det berre å ta konakt med geir.utmo@sfj.no, eller du kan ringa på tlf.: 57 65 64 09

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login