Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Europeana Local

Prosjektet EuropeanaLocal er eit ”beste praksis”-nettverk finansiert under EU sitt eContentPlus-program. Prosjektet har som føremål å gjere digitalt innhald frå lokale og regionale arkiv, bibliotek og museum tilgjengleg på portalen Europeana.
EuropeanaLocal, logo

EuropeanaLocal vart starta opp i juni 2008 og skal fullførast innan utgangen av mai 2011. Prosjektet har 32 partnarar frå 27 ulike land. Dei norske partnarane er Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet, Norsk Kulturråd og Avinet. Fylkeskommunen ved Fylkesarkivet er koordinator for prosjektet, og alle dei tre norske partnarane er representert i prosjektstyret.

I løpet av prosjektperioden skal Fylkesarkivet gjere digitalt innhald frå våre eigne samlingar, samt frå Fylkesbiblioteket og Musea i Sogn og Fjordane sine samlingar tilgjengeleg på Europeana.

 

 

Om Europeana

Europeana er ein fleirspråkleg portal som gir brukarane tilgang til digitalisert kulturhistorisk materiale frå heile Europa. Her vil du finne måleri, tekstar, musikk, film, foto, museumsgjenstandar og mykje meir frå europeiske arkiv, bibliotek, museum og galleri.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login