Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Gardsleksikon

Det er kring 2 500 ulike namnegardar eller matrikkelgardar i Sogn og Fjordane fylke. Opp gjennom tidene har gardane og dei ulike bruka vore buplassar for folk i Sogn og Fjordane. Alle eigedomar, frå ei hustuft ved havet til eit stort gods inne i fjordane, høyrer til ein matrikkelgard.

Soga om gardane og buplassane er og ein viktig del av soga til folket som har budd i fylket. Gardsleksikon inneheld eit oversyn over alle gardar i fylket. Gardsnamna er skrivne i samsvar med Statens Kartverk sine vedtak. Gardane er og kartfesta ved hjelp av koordinatar, slik at ein lett kan søkja fram ein gard og deretter sjå kvar i fylket denne garden ligg.

 

Mange viktige historiske kjelder, som folketeljingar, matriklar med meir vart organiserte etter matrikkelgardane. Me har difor laga koplingar mellom gardsregisteret og dei ulike kjeldene som omtalar gardane og bruka.

 

Det same har vi gjort i høve til databasar for stadnamn, foto og andre ting. Innhaldet i desse basane vert og registrert med opplysningar om kva gard dei har tilknyting til. På det viset kan du som brukar leita fram ein særskild gard i fylket og sjå kva opplysningar som er registrerte om nett denne garden.

 

Søk i gardsleksikon

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login