Generell informasjon

Ved Fylkesarkivet finn ein omfattande og viktige kjelder til den lokale historia for Sogn og Fjordane. Innfallsport til innhaldet som finst ved institusjonen er heimesidene våre: www.fylkesarkiv.no

Menypunktet databasar er eit samla oversyn over alle dei ulike basane som Fylkesarkivet, også med ein del informasjon på engelsk.

Tre særleg innhaldsrike tenester

  • Kulturhistorisk leksikon 
    Omfattar no omlag 1500 artiklar frå Sogn og Fjordane, ein del av dei på engelsk. 
  • Foto
    Her kan ein søkje i ein base der ein finn publisert om lag 60.000 foto frå heile fylket, dei fleste frå tida før 1960. 
  • Fylkesatlas
    Denne basen omfattar også alle kommunane i fylket. Her tek ein utgangspunkt i kart for eit område og kan søkje opp stadnamn, kulturminne, gardar, stølar, kulturspor m.m. i eit bestemt område.

Andre ressursar

Fylkesarkivet tilbyr òg mange andre inngangar til den lokale historia - via tema og tilrettelagte ressursar innan

  • Musikk, film og munnleg tradisjon
  • Kommunale arkivkatalogar frå heile fylket
  • Privatarkiv 
  • Utvandring til Amerika
  • Person- og slektshistoriske kjelder
    Ein del statlege arkivseriar som er oppbevart i nasjonale arkiv, har Fylkesarkivet tilrettelagt og gjort tilgjengeleg via nettsidene. Det gjeld til dømes dei eldste kyrkjebøkene, folketeljingar, manntal, skifteregister, pantebøker og matriklar. Saman med dei øvrige kjeldene som foto, utvandring og gardsleksikon, utgjer desse ei rik kjelde til person- og slektshistorie for fylket.
  • Året 1905:  Dette prosjektet dokumenterer kva som hende i Sogn og Fjordane i 1905, året då Noreg vart ein sjølvstendig stat og unionen med Sverige vart oppløyst. 
  • Veghistorie

Søk 

Fylkesarkivet har utvikla søkemodular til dei ulike ressursane. Dei gjer det òg mogeleg å finne stoff på tvers av databasane. Det er vidare i gang eit utviklingsarbeid med sikte på å få etablert eit samordna ABM-søk mot ressursane i arkiva, biblioteka og musea i fylket.

Lesesal

Det er godt tilrettelagt for besøk av publikum på lesesalen ved Fylkesarkivet. Her kan brukarane få råd og rettleiing, tilgang til arkivmaterialet og den lokalhistoriske litteraturen. Tenestene er gratis, men brukarane må gjera avtale på førehand.

Tidsskrift

Arkivet gjev ut det lokalhistoriske tidsskriftet Kjelda med 3 nummer i året. Mange årgangar ligg digitalt tilgjengeleg i pdf-format under heimesidene.

Om institusjonen

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane registrerer, vernar og formidlar kommunalt arkivmateriale, foto, levande bilete, lyd, musikk, stadnamn, private arkiv og litteratur. Fylkesarkivet arbeider målmedvite med å digitalisere kjeldene og vert på dette feltet rekna for å vera leiande i utviklinga nasjonalt.

Fylkesarkivet er ein relativt ung institusjon, etablert i 1983, og har drive mykje utviklings- og prosjektbasert arbeid innan sitt felt. Det har mange samarbeidspartar, både institusjonar, organisasjonar og einskildpersonar. Fylkesarkivet deltek også i internasjonalt samarbeid.

Det er 12 tilsette på arkivet.

Institusjonen er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er lokalisert i lyse og funksjonelle lokale på tettstaden Hermansverk i Leikanger kommune. I 2006 stod det nybygde sentralarkivet ferdig.

Arbeid mot kommunane

Eit tyngdepunkt i verksemda er kommunalt arkivarbeid. Fylkesarkivet driv utviklings- og rådgjevingsteneste overfor kommunane, og frå 2006 har ein etablert eit fellesdepot der ein tilbyr oppbevaringa av det eldste arkivmaterialet for kommunane i fylket. Nesten alle kommunane deltek i dette samarbeidet. I alt 5 stillingar er knytt til arbeidet med kommunale arkiv.

Litt om Sogn og Fjordane fylke

Geografisk omfattar Sogn og Fjordane eit av dei 19 fylka eller regionane i Noreg. Det ligg på Vestlandet og er eit ruralt område med om lag 106.000 innbyggjarar. Befolknings- og næringsmessig har Sogn og Fjordane dei seinare åra slitt med å få til ny vekst. På den andre sida er det mange positive utviklingstrekk når det gjeld velferd og trivsel hjå innbyggjarane samanlikna med landet elles. Den storslagne naturen med fjordar, fjell og brear, tiltrekk seg både mange turistar og friluftsfolk. Fylket har over ein million gjestedøgn i året.

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login