Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Informasjon om musikkarkivet

Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk- og dansetradisjonar frå Sogn og Fjordane. Samlinga er eit viktig bidrag til overleveringa av dette kulturuttrykket i fylket. Ønskjer du å tinge kopiar frå musikkarkivet, ta kontakt med musikkarkivar Synnøve S. Bjørset på e-post: synnove.s.bjorset@sfj.no

Innsamling

Materialet i tradisjonsmusikksamlinga er eit resultat av ei rekkje ulike innsamlingsstrategiar. Det omfattar mellom anna eigne feltopptak gjort av musikkavdelinga og kopiar av private opptak, Arne Bjørndals Samling i Bergen, Norsk Musikksamling i Oslo og NRK. Musikkavdelinga brukar det faglege nettverket til Sogn og Fjordane Folkemusikklag for å gjere eit best mogeleg utval av kjelder. Dei lokale leiarane rundt om i kommunane er gjerne med på sjølve feltopptaket. Eit viktig bidrag av lydfestingar kjem frå engasjerte og dyktige privatpersonar som gjer opptak i sitt distrikt og sender kopiar av dette inn til arkivet.

 

Musikkavdelinga yter gjerne fagleg og teknisk rettleiing dersom privatpersonar eller lokale lag og organisasjonar ønskjer å registrere eller gjere opptak i lokalmiljøet.

 

Registrering

Utøvarane i tradisjonsmusikksamlinga vert i regelen registrert under bustadkommune. I nokre tilfelle kan utøvarane vere registrerte under den kommunen dei er fødde i. Melodiane vert registrerte med melodinummer og namn, og ordna etter meloditype (til dømes religiøse folketonar, barnemelodiar, viser, stev og slåttar). For melodiar med ukjend tittel er det nytta meloditype som namn på melodien i registreringa. Det kan difor vere vanskeleg å finne særskilde slåttar, til dømes under fellesnamnet "reinlendar".

 

Vern 

Alle lydfestingar fram til og med 1997 er lagra på spoleband, medan opptak frå 1997 og framover er lagra på R-DAT. Opptak som vert gjort frå 2010 og framover, vert lagra som lydfiler. Arkivmaterialet er lagra i magasin under gode lagringstilhøve.

 

Formidling 

Fylkesarkivet har utforma ein eigen database for elektronisk registrering av musikksamlinga. Eit utval av dei registrerte opplysningane vert automatisk søkbare på Fylkesarkivet sine heimesider. Der kan du også høyre lytteprøver på 20-30 sekund av omlag 35% av lydfestingane. Musikkavdelinga har henta inn bruksløyve frå dei kjeldene dette gjeld, og vi er svært opptatt av å overhalde gjeldande reglar for personvern og åndsverk i vårt formidlingsarbeid.

Kopiar av lydfestingar frå samlinga kan tingast pr. brev, telefon eller e-post. Vi leverer kopiar til privat bruk eller til opplysnings- og undervisningsføremål. For andre bruksområde må det hentast inn særskilt bruksløyve. Kopiane kan leverast på CD eller MP3-fil.

 

Platesamlinga

Musikkavdelinga har også ei samling med fonogram med musikk knytt til Sogn og Fjordane. Dette omfattar  LP-plater, 78-plater, singelplater, kassettar og CD-plater. Målet er å samle alle utgjevingar med utøvarar knytte til fylket, uansett musikksjanger. Artistane og plateselskapa har ikkje avleveringsplikt til musikkavdelinga, men vi vil likevel oppmode artistar og selskap til å gi eit eksemplar til oss.

 

Historia til musikkarkivet

I 1979-80 starta folkemusikkmusikkmiljøet i Sogn og Fjordane drøftingar om opprettinga av eit folkemusikkarkiv i fylket. I 1981-82 vart Sogn og Fjordane Folkemusikklag skipa, og drøftingane om eit arkiv gjekk over i konkret planlegging. Fylkeskommunen løyvde pengar til prosjektet i 1982, og den første musikkarkivaren vart tilsett i ½ stilling i 1983. Hovudkontoret vart lagt til Sunnfjord Museum, med eigne avdelingar på Nordfjord og Sogn Folkemuseum.

 

I 1986 vart folkemusikkarkivet ein del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og omdøypt til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - musikkavdelinga. Tredelinga med lokalisering ved Folkemusea i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn vart avslutta i 1997. Sidan då har musikkavdelinga vore lagt til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger i Sogn.

 

Søk i musikkarkivet sine databasar

Tradisjonsmusikk Katalog over tradisjonsmusikk (folkemusikk) med lytteprøver. Inneheld om lag 15 000 melodiar frå 1921 og fram til i dag.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login