Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Komme i gang

Dersom du skal bruka arkiva for første gong, er det viktig at du set deg inn i oppbygginga av arkiva, innhaldet deira og korleis du kan søka i dei.

Finn rett arkivskapar

Arkiva er ordna etter arkivskapar. For framfinning i arkiv er det å leita i rett arkivskapar det viktigaste. Det er slik arkiva er ordna. Når du veit namnet på arkivskaparen, kan du søka i katalogane på nettet. På Fylkesarkivet finn du kommunale arkiv, fylkeskommunale arkiv og private arkiv. Private arkiv kan vere arkiv etter personar, firma og organisasjonar. Dei kommunale arkiva våre er stort sett frå tidsrommet 1837 til 1964, men det er og materiale tilbake til 1700-talet. Dei private arkiva er stort sett frå andre halvdel av 1800-talet fram til i dag.
Boka av Mykland og Masdalen: ”Administrasjonshistorie og arkivkunnskap Kommunene” gir eit oversyn over dei kommunale arkivskaparane.
(For dei statlege arkiva er det ”Håndbok for Riksarkivet” og ”Håndbok for brukere av statsarkivene” som gir oversikt. Det er Statsarkivet i Bergen som dekkjer vårt område.)

Søk i nettkatalogane

Når du kjenner arkivskapar, kan du søka i nettkatalogane og gjera deg kjent med desse. Arkivkatalogane inneheld ei skildring av administrasjonshistoria og omtale av dei forskjellige arkivseriane. Du finn og eit oversyn over arkivstykka i arkiva. Her er og ein oversikt over kvar dei finnast i magasina våre. Katalogane finn du også gjennom Arkivportalen.

Tinga arkivsaker

Når du har funne dei arkivsakene du ynskjer å sjå på, kan du tinga desse til bruk på lesesalen. Du kan tinga dette på telefon eller e-post. Det beste er om du har fullstendige arkivreferansar. Besøk på lesesalen må vere avtalt på førehand.

Bruk av arkivsaker

Arkivsakene er unike og ofte skjøre. Materialet må difor handsamast med varsemd og respekt. Det er strenge reglar for bruken av dei. Planlegg å bruka god tid til arkivundersøkingane.

Kan vi hjelpa deg?

Personalet vårt er alltid klare til å hjelpa deg med dei spørsmåla du har. Vi kan hjelpa deg til å finna relevant materiale og å koma i gang med arbeidet. Du kan kontakta oss gjennom brev, e-post og telefon eller ved personleg frammøte. Ved personleg frammøte utan annan kontakt på førehand kan det vera vanskeleg å finna fram rett materiale på ståande fot. Vi må også av og til avgrensa tida vi bruker på førespurnadar, så du må rekne med å gjera mykje av arbeidet sjølv.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login