Lesesal og bibliotek

Fylkesarkivet sin lesesal er til vanleg open tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå kl. 09.00 til 15.00. I feriar og ved høgtider reduserer vi opningstida. Lesesalen ligg i Fylkeshuset på Hermansverk. Når du kjem inn hovudinngangen finn du lesesalen på høgre hand.
Lesesalsgjest studerer arkivmateriale. Lokalhistorisk boksamling i bakgrunnen.
Lesesalsgjest studerer arkivmateriale. Lokalhistorisk boksamling i bakgrunnen.

Studera arkivmateriale?
Før du kjem på lesesalen må du avtala med ein sakshandsamar om å få koma og sjå på arkivmateriale. Dette for at du skal få best mogeleg sørvis og tilrettelegging, og få sjå på det du ynskjer av materiale. Vi har kommunalt og fylkeskommunalt materiale, privatarkiv (materiale etter organisasjonar, firma og privatpersonar), foto, stadnamn og musikk.

Bruka boksamlinga?
På lesesalen finn du og ei boksamling (mediesamling). Den største delen av denne samlinga er lokale bøker og trykksaker. Den lokalhistoriske boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og dei 26 kommunane. I tillegg har vi faglitteratur innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv. Du finn og ei tidsskriftsamling med lokale tidsskrift i tillegg til fagtidsskrift for dei same faga som litteraturen. Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser. Pr. 31.12.2010 inneheld samlinga 6 434 bøker, periodika og andre medium.

Bøker, tidsskrift og mikrofilmar er registrerte i ein elektronisk base. Her har du mange søkjemuligheiter på bøker og andre medium. Søk i Fylkesarkivet sitt bibliotek (vel avdeling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).

På lesesalen står det to pc-ar med tilgang til Internett. Her kan du få nytta Fylkesarkivet sine databasar og anna på nett.

Kontakt oss om du har spørsmål knytt til lesesalen eller om du ynskjer å sjå på arkivmateriale.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login