Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Møtebokregisteret

Møtebokregisteret er eit saksregister til møtebøker for kommunestyre og formannskap frå 1837 og fram til kring 1930. Du kan søka i saker i møtebøkene, og samstundes lesa saka i dei digitaliserte møtebøkene.

Møtebøkene for formannskap og kommunestyre er mellom dei mest brukte arkivstykka frå kommunale arkiv. Møtebokregisteret er ei teneste som gjer det mogleg å få innsyn i desse arkiva utan å koma til oss for å lesa i dei. For at det skal vera mogleg å finna fram til saker ein er interessert i, er det blitt laga eit register til møtebøkene. Dette registeret er søkbart på Internett. Dei digitaliserte møtebøkene er lenka opp mot saksregisteret, slik at det er mogleg å lesa dei aktuelle sakene.

Målet er at alle møtebøkene fram til 1964 for formannskap og kommunestyre for alle kommunane skal bli tilgjengelege digitalt i løpet av 2011. Det vil likevel ikkje vera eit saksregister til alle møtebøkene i fyrste omgang. 

Søk i møtebokregisteret

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login