Medvitne val eller tilfeldige handlingar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har saman med De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Høgskulen i Sogn og Fjordane, fått 335 000 kroner frå ABM-Utvikling og Norsk kulturråd til eit forskingsprosjekt.

Utgangspunktet for forskingsprosjektet er at museum og arkiv ikkje er objektive og verdinøytrale institusjonar. Både innsamling, forvalting og formidling er basert på eit sett verdiar, premissar og føresetnader som kan vera eksplisitte eller implisitte, medvitne eller umedvitne. Eit overordna mål ved dette prosjektet vil vera å studera og analysera verksemda til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, spesielt arbeidet med innsamling og formidling. På bakgrunn av dette vil me klarleggja kva bilete museet og arkivet sitt innsamla materiale og formidling har gitt og gir av samfunnet som desse institusjonane skal spegla. Eller sagt med andre ord: ”Kva handlar historia om”- sett gjennom museet og arkivet sine auge?

Me vil studera likskap og skilnadar mellom museet og arkivet, og om og eventuelt korleis innsamling og formidling på dei to institusjonane har endra seg over tid. På bakgrunn av denne analysen vil me forsøka å gi svar på nokre sentrale spørsmål:

 

- Kva har styrt og styrer innsamlings- og formidlingsverksemda? Er det ein medviten ideologi? Eller er det kanskje like mykje ein umedviten ideologi? Er det haldningar og interesser til einskildpersonar som har styrt dette arbeidet, eller er det krav frå løyvande styresmakter eller andre ytre krefter?

- Er det skilnader mellom museet og arkivet sine offisielle målsettingar, slik dei kjem til uttrykk gjennom måldokument og planar, og det som faktisk vert gjort? Og kva tyngd har tradisjonen og den implisitte forståinga av museet og arkivet si rolle og funksjonar for verksemda?

Kort oppsummert kan ein kanskje seia det slik at me som arbeider ved museum og arkiv har makt over historia, og difor er det viktig å granska korleis me forvaltar denne makta.

Det er også mange andre spørsmål me vil prøva å finna svar på i dette prosjektet. Kva skil eller er likt til dømes i innsamling og formidling ved Heiberg si einmannsbedrift i 1909, samanlikna med dagens konsoliderte museumseining? Og kva er dei viktigaste endringane gjennom 25 års arkivsoge? Kva har museum og arkiv felles, og korleis er dei ulike? Kva betyr museet sine lange tradisjonar, samanlikna med den kortare arkivsoga? Skapar og formidlar museum og arkiv ulike førestillingar om fortida fordi dei samla på ulike typar historisk materiale? Eller fortel dei to institusjonane om lag den same forteljinga om fortida?

 

Spørsmåla er mange, og det vil nok også svara verte. Prosessen med å finna fram til desse svara vil vonleg bli svært lærerik, og han vil auka medvitet vårt om dei to institusjonane. Ei målsetjing må derfor vera at dette forskingsprosjektet ikkje berre skal munna ut i ein prosjektrapport, konferanse og tidsskriftartiklar. Resultata av dette arbeidet bør også implementerast i den vidare verksemda ved dei to institusjonane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login