Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Musikkarkivet - Informasjon om innsyn og tilgjenge

Utdjupande informasjon knytt til innsyn og tilgjenge presentert som spørsmål og svar:

1. Kva typar materiale rår fagavdelinga over?
Lydfestingar: musikk og intervju/samtale
Skriftleg materiale: notar, songtekstar, arrangement, bøker, artiklar og avisutklipp
Video: opptak av dans og spel lagra på MiniDV, Hi8 og VHS.

2. Kva lover, reglar og retningsliner gjeld for forvaltinga av materialet?
Åndsverklova gjeld for bruk av opptaka, dvs. den einskilde framføringa, men innhaldet er allemannseige (ofte er det ukjend komponisten/tekstforfattaren til folkemusikken, trad. materiale).

3. Kva avtaler vert gjort med avleverar/deponent/eigar?
Ved avlevering av eit "fysisk" kjeldemateriale (dvs. kassett, spoleband, notar eller manuskript) vert det gjort avtale, t.d. om kopiering og tilbakelevering, deponering, eller gåve.
Ved opptak vert avtalen ofte gjort i etterkant slik at Fylkesarkivet får bruksløyve til å disponere opptaka etter det regelverket som er arkivet har vedteke. Utøvaren/eventuelt utøvaren sine etterkommar har rettane til opptaka.

4. Korleis vert materialet lagt til rette for innsyn og tilgjenge?
Lydopptak: Katalogar/databasar er utarbeidd og lagt ut på internett. Om ein ynskjer å lytte til opptaka, har ein høve til det på Fylkesarkivet sin lesesal dersom eigaren har godkjent bruksløyve. Ein kan også få ut kopiar som .mp3-fil eller CD dersom eigaren har godkjent bruksløyve.
Notar: Ordna i permar med innhaldsliste fremst. Ikkje registrert i databasar. Publikum som kjem til arkivet får innsyn i permane, og kan tinge kopiar om dei ynskjer det.

5. Kva typar klausuleringar gjeld for materialet?
Mesteparten av materialet ved musikkarkivet er ikkje klausulert av eigarane, slik at avtale om bruksrett vert gjort direkte mellom musikkarkivet og brukarane. Den mest vanlege forma for klausulering er at eigar skal kontaktast for kvar gong ein brukar ynskjer innsyn eller brukskopiar.

6. Kven får innsyn i materialet?
Alle som ynskjer det får lytte til opptaka og får kopiar av opptak, dersom eigaren har godkjent bruksløyve. For klausulert materiale må det gjerast særskild avtale med eigar.

7. Kva kan materialet bli brukt til?
Vær merksam på fylgjande vilkår for utlevering og bruk av arkivmateriale: Kopiar av arkivopptak og notar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si musikksamling kan tingast av privatpersonar, studentar, skuleelevar, forskarar og utøvarar. Kopiar skal nyttast til privat bruk eller i samband med opplysingsarbeid, opplæring, kulturformidling og forsking, slik at tradisjonane kan takast vare på og førast vidare. Det er forbode å lage nye kopiar, kringkaste, selje eller på annan måte utnytte arkivmateriale til økonomisk vinning. Det er ein føresetnad for utlevering av lydopptak og notar at utøvaren/komponisten (eller utøvaren/komponisten sine næraste etterkommarar) har gjeve arkivet løyve til innsyn i samsvar med dei føremål som her er nemnde. Ein må alltid gje opp kjelde når ein brukar materiale frå Fylkesarkivet som utgangspunkt for skriftleg arbeid eller audiovisuelle produksjonar.

8. Korleis vert ein førespurnad om innsyn handsama?
Etter at musikkavdelinga har motteke tinging av lydfestingar på telefon, e-post, eller pr. brev, vert materialet kopiert til det formatet brukaren ynskjer (oftast MP3-fil eller CD). Intervju og samtaler skal vanlegvis ikkje kopierast, kun song- og musikkopptaka. Musikkavdelinga har ein lyttestasjon på lesesalen, som er tilgjengeleg for publikum som ynskjer å lytte til opptak.

Notar: publikum får tilgang til notane og kan sjølve leite fram det dei ynskjer kopi av. Permane er ikkje til utlån, men til gjennomsyn på lesesal. Opptaka kan ikkje kopierast av publikum, kun av musikkarkivaren. Kopieringa vert gjort i etterkant av besøket, og MP3-filene eller cd-ane vert oftast sende i posten eller som e-post.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login