Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Prisar og bruksvilkår foto

Per 1. januar 2013.

Leveringstid er inntil 3 veker. Hastelevering kan utførast etter særskilt avtale dersom det er ledig kapasitet ved fotoavdelinga. Vi leverer kopiar av arkivfoto både på fotopapir og digitalt.

Merk at dersom biletet skal nyttast til publisering/offentleggjering kan det tilkomme arkivavgift i tillegg til kopiprisen. Privat bruk er friteke frå arkivavgifta. Fritak KAN også gis for foto til vitskaplege publikasjonar, arkiv- og museumspublikasjonar og lokalhistorisk litteratur utgitt av historielag/ideelle organisasjonar.

 

Kopiar på fotopapir:

13x18cm.kr. 120,-
20x25cm.kr. 160,-
24x30cm.kr. 220,-
30x40cm.kr. 260,-
40x50cm.kr. 420,-

 

Digitale kopiar

Digital biletfil, tilsendt elektronisk (300dpi i A4-storleik)kr. 100,-
Brenning av CD/DVDkr. 50,-

 

Arkivavgift (gjeld bilete for publisering/offentleggjering)

Forlag- bøker/lærebøker (innside)kr. 450,-
Forlag- framside/omslagkr. 1.000,-
Tidsskrift/aviserkr. 450,-
Tidsskrift/aviser- framside/omslagkr. 1.000,-
Internettkr. 450,-
Reklame, annonserkr. 1.500,-
Plakatar del avkr. 800,-
Plakatar - heilekr. 1.500,-
Interiørutsmykkingkr. 800,-
Fjernsyn/Filmkr. 800,-
Andre føremåletter avtale

Arkivavgift gjeld for ein gongs bruk av foto. Avgifta kjem i tillegg til kopiprisen.

 

Ekspedisjonsgebyr

Ekspedisjonsgebyret er kr. 50,- per bestilling.

 

Vilkår for bruk av foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Dersom anna ikkje er avtala gjeld følgjande reglar:

  1. Fysiske og digitale bilete til privat bruk og forsking kan ikkje vidareformidlast eller publiserast utan etter særskilt avtale med Fylkesarkivet.
  2. For bilete til publisering vil det bli inngått ein særskilt bruksavtale mellom bestillar og Fylkesarkivet, (sjå mal for bruksavtale nedanfor). Bilete til publisering er først frigitt for bruk når Fylkesarkivet har fått signert bruksavtale i hende frå Brukar. Arkivavgift kan tilkomme i tillegg til kopiprisen.
  3. Arkivfoto kan ikkje publiserast på internett utan at det er inngått særskilt avtale om slik bruk.
  4. Bilete som er gjort tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil kan fritt lastast ned og nyttast til alle føremål utan nærare avtale med Fylkesarkivet. Dersom du bestiller kopi av bilete frå Flickr på fotopapir eller i ei høgare oppløysing enn det biletet er tilgjengeleg i på Flickr, vert du fakturert kopiprisen for det formatet du bestiller i tråd med gjeldande prisliste for foto. Arkivavgift tilkjem ikkje.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login