Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Privatarkiv

Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei interessant og samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Privatarkiva utgjer eit viktig korrektiv til det offentlege arkivtilfanget.

Over 2500 privatarkiv har til no blitt samla inn. Nokre av dei er oppbevarte i andre institusjonar, men dei fleste er tekne vare på av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I mengd utgjer privatarkivsamlinga vår omlag 1400 hyllemeter.

Hovudtyngda er frå organisasjonar og lagsaktivitet. I denne kategorien er det registrert over 1000 privatarkiv i katalogen vår. I tal har det blitt teke vare på langt færre arkiv frå bedrifter, omlag 280. Men desse arkiva er ofte store i omfang. Innan kategorien personarkiv, dvs. dokument frå einskildpersonar, har det blitt samla inn over 300. I samlingane våre finst det i tillegg ein del arkiv frå institusjonar, legat og utval.

Ein viktig del av arbeidet vårt er vern av arkiv frå arbeiderrørsla. Les meir om Arbeiderarkivet i Sogn og Fjordane.

Har du tips om arkiv eller kjelder som kan vere av interesse for oss, er du svært velkomen til å ta kontakt med oss. Kontakt oss òg dersom du har du spørsmål om privatarkiv, ønskjer å sjå eit arkiv, eller vil avlevere materiale. Det er utarbeidd ei rettleiing for avlevering av arkiv til Fylkesarkivet.
- Kontaktinformasjon: 57 65 64 14 | e-post

Databasar:

Arkivkatalog
Katalogar over fylkeskommunale, kommunale og private arkiv som er registrert av Fylkesarkivet. Omfattar kring 4500 arkiv frå heile fylket. Litt over 2000 av dei er privatarkiv. Dei fleste arkiva er oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men nokre finst òg i kommunane. Det gjeld til dømes Sogndal og Vik, som har eigne lokalhistoriske arkiv.

Lag og organisasjonar med arkivopplysingar
Database med opplysningar om lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane og deira arkivmateriale. Omfattar kring 6000 lag og organisasjonar frå heile fylket.

Digitaliserte protokollar/bøker
Database som gjev oversyn over digitalisert materiale frå privatarkiv. Førebels gjeld det i hovudsak skanna møtebøker fram til 1940 for arbeidarpartilag i fylket.

Amerikabrev
Database over Amerikabrev i Fylkesarkivet. Opplysningar om kvart brev: avsendar, mottakar, datering, innhald med meir. Omfattar kring 3000 brev, også frå andre land enn USA.

Amerikabrev - Personar omtalt

Arkivportalen
Arkivportalen gjev ein felles søkeinngang til materiale frå ulike arkivinstitusjonar. Pr. 01.01.2011 er få privatarkiv frå Fylkesarkivet registrerte her, men på sikt skal arkivportalen bli den naturlege inngangsporten for arkivoppslag, tinging av materiale og vising av digitale kjeldekopiar.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login