Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Stadnamn – ei spanande lokalhistorisk kjelde

Stadnamn er ei spanande kjelde til historia vår. Dei kan gi opplysningar både om tidlegare tiders fest og arbeid og om arbeidet på den tida innsamlinga gjekk føre seg. Dei kan og gi opplysningar om naturtilhøve. Stadnamna er viktige referansepunkt i terrenget.
Vinter på garden Ytrehorn i Hornindal. Fotograf: Rasmus Sivert Kirkhorn
Vinter på garden Ytrehorn i Hornindal. Fotograf: Rasmus Sivert Kirkhorn



Fylkesarkivet har som mål å samle inn, verne og formidle alle stadnamn frå fjord til fjell i fylket. Arbeidet med å samle inn stadnamn i fylket starta som eit samarbeidsprosjekt i 1985. Det var Fylkesarkivet, alle dei 26 kommunane og arbeidsetaten som samarbeidde om dette. Pr. 06.08.2015 er det samla inn meir enn 250 000 stadnamn. Av desse er meir enn 205 000 vitskapleg handsama og edb-registrerte. Nokre få stadnamn er registrerte med lyd.

Du kan finne stadnamn plasserte på digitale kart på nettstaden www.fylkesatlas.no For kommunane Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Vik, Vågsøy og Årdal er alle dei innsamla stadnamna i låglandet lagt ut på nettet. For kommunane Førde og Hyllestad er materialet samla inn utan at det blir formidla på Internett, bortsett frå at vi har lagt ut eksempel på ferdig stadnamnmateriale. Kommunane Eid, Gaular, Gloppen og Gulen har ikkje ferdige innsamlingar. Her er det også lagt ut eksempel på stadnamnmateriale. Vi held på med handsaming og publisering av stadnamn for Stryn og Luster.



I tillegg til denne innsamlinga av stadnamn har vi og kopiar av ”Skuleborninnsamlinga” frå 1932 organisert av Gustav Indrebø for eige fylke, mindre innsamlingar, hovudoppgåver, handbøker, katalogar og ei boksamling med fagbøker om stadnamn.



Kontakt oss om du har spørsmål om stadnamn.

Les rapporten "Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur. Stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane."

Tilbake til hovudside om stadnamn

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login