Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Walnum og dei reisande

I samband med Arkivdagen 2015 valde Fylkesarkivet å setje søkelyset på taterfolket i fylket og Jakob Walnum, sokneprest i Leikanger frå 1884-1896. Bakgrunnen er to aktuelle og samanfallande hendingar der den tidlegare soknepresten i Leikanger står sentralt, samt at Jakob Walnum har sett mange spor i arkiva våre som sokneprest, grunder og eit sers engasjert organisasjonsmenneske.

2015 er året då statsminister Solberg og Kirkens Sosialteneste offisielt bad romani/taterfolket om orsaking for alt det vonde staten og «Omstreifarmisjonen» har utsett dette folket for heilt opp til vår tid. Det same gjorde administrerande direktør for Kommunenes sentralforbund, Lasse Hansen. Kommunane hadde ansvaret for at taterbarn vart tekne frå foreldra utan gyldig grunn. «Det handlar om diskriminering. Det handlar om ting som me gjorde og ikkje burde ha gjort», sa han. Les meir i den nyleg framlagde NOUen Assimilering og motstand — Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag.

2015 er også året då skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge, fekk sett opp teaterframsyninga Frå Landevegen. Jynge er tippoldebarnet til Jakob Walnum, tidlegare sokneprest i Leikanger, som etablerte denne statsstøtta misjonen. Jynge fortel ei sterk historie om eit møte med tippoldefaren. Han var farmora hennar sin store stoltheit, riddaren av 1. klasse av St. Olavs orden med gravmonument på Vår Frelsers Gravlund, humanisten og velgjeraren som ville hjelpe folk i naud. 

I tillegg til å vere prest var Jacob Walnum også stiftaren av «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet», seinare kjent som «Norsk misjon blant hjemløse». I samtida hausta Jacob Walnum ros og anerkjenning for kristnings- og busetjingsarbeidet mellom dei reisande. I våre dagar er ettermælet hans omdiskutert.

Folkloristen og forfattaren Thor Gotaas konkluderer slik:

Fra eget og kollegenes ståsted gjorde han en stor innsats for å kristne og bosette tatere og løsgjengere. Han så sultne taterbarn, store barnekull og familier med en etter hans syn ukristelig livsform.

Tidens anerkjente teorier hevdet at "vagabonderi" var en sykdom, som det tok generasjoner å helbrede. Fordi taterne ikke visste bedre, behøvdes det tvang. I dag ser vi hvordan en privat, kristen og statsstøttet organisasjon fikk drive en til dels brutal reformpolitikk nokså uhindret frå slutten av 1890-årene til 1989. Ikke i noe annet land fikk én organisasjon så mye makt som Norsk misjon blant hjemløse.

Gjertrud Jynge sitt teaterstykke Frå landevegen vert sett opp i Leikanger kyrkje søndag 8. november. 

Les også:

Frå Kulturhistorisk leksikon:

Kjerstin Risnes: Det er makt i de foldede hender

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login