Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Walnum og dei reisande
I samband med Arkivdagen 2015 valde Fylkesarkivet å setje søkelyset på taterfolket i fylket og Jakob Walnum, sokneprest i Leikanger frå 1884-1896. Bakgrunnen er to aktuelle og samanfallande hendingar der den tidlegare soknepresten i Leikanger står sentralt, samt at Jakob Walnum har sett mange spor i arkiva våre som sokneprest, grunder og eit sers engasjert organisasjonsmenneske.

Aktuelt

(09.11.2015)
Aksel Larsen frå Askvoll i Sunnfjord vert rekna som ”den siste roande omstreifar”.
(09.11.2015)
Kvar stammar eigentleg tatarane frå og kva levde dei av før i tida? Og korleis arta det seg når dei reisande tatarane møtte bøndene i Sogn og Fjordane? Denne artikkelen stod på trykk i Årbok frå Sogn i 2006. Publisert på fylkesarkiv.no med samtykke frå forfattaren, Marit Eide Utheim.
Logo Arkivdagen 2015
(05.11.2015)
Kvart år markerer arkiv-Noreg Arkivdagen. Føremålet med dagen er å vekke interesse for arkiv som samfunnsminne, både for fortid og framtid. Gjennom arkiva får vi mange inngangar til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosial historie og personalhistorie.
«Sigøinertransport fra Svelgen». Fotograf: Ragnvald Oliver Riise.
(05.11.2015)
Dei reisande har sett sterke spor etter seg i folkeminnet. Frå Balestrand vitnar fleire segner og historier om taterfølgja som eit stort trugsmål mot lokalbefolkninga.
(30.10.2015)
Søndag 8.november kjem Det Norske Teateret til Leikanger kyrkje for vise framsyninga "frå landevegen".
(08.10.2015)
I fotosamlinga til Fylkesarkivet finn ein ulike bilete som dokumenterer dei reisande si historie i fylket. Dette gir oss eit godt innblikk i både kvardagsliv, tradisjonar og hendingar hjå dei reisande, men også haldningar og fordommar i samfunnet.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login